Berre nesten for HFK
HFK gjekk på eit knipent heimetap mot Årdal laurdag.
Fotball: Det vart ein jamspelt kamp på Hallingmo laurdag. Sjølv om kampen enda med endå eit tap for HFK, var det fleire lyspunkt å sjå etter ein tung vårsesong prega av mykje skadar, sjukdom og dårlege treningsforhold for A-laget. HFK spelte godt og leia fortent 2–0 til pause etter scoringar av Erlend Hole Dokken og Jonas Bergane.
Håplaust kvarter
Fem minutt etter kvilen hadde HFK ein kjempesjanse til å punktere kampen, men ballen ville ikkje inn. I staden rakna det i eit kvarter som gjorde at Årdal kom tilbake i kampen med tre kjappe scoringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det vart skjebnesvangert, Årdal var veldig effektive og scora tre på like mange sjansar, fortel HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg.
Jamt mot slutten
Etter den dårlege perioden kom HFK inn i kampen igjen. I det 84. minutt utlikna Mikkel Storeskar til 3–3. Dei siste minutta jakta begge lag sigeren, og det var til slutt Årdal som scora på overtid.
– Me var litt urutinerte bakerst, og det førte dessverre til den siste scoringa imot. I Årdal var me heldige og vann den første kampen, og denne gongen var dei heldige. Så slik sett var det kanskje rettferdig, humrar ein lettare oppgitt Thorberg.
Mykje positivt
Trass i tapet var det mykje positivt å ta med seg før haustsesongen.
– Eg er imponert over dei nye unggutane som gjorde ein veldig god kamp, seier Thorberg.
Muhammed Alkabra var debutant frå start og gjorde ein god kamp.
– Han er ein spennande spelar og viste ein oppløftande innsats lurdag. Eg trur han vil bli endå betre utover hausten, seier Thorberg.
Kampen mot Årdal var fyrste kamp i andre halvdel av årets serie. No blir det ein sommarpause på fire veker. I slutten av juli startar Norway Cup der dei fleste spelarane er med. Det er eit høgdepunkt mange ser fram til.
Artikkelen held fram under annonsen.
3. divisjon, menn
Hallingdal FK 3 (2)
Årdal 4 (0)
1-0 35 Erlend Hole Dokken
2-0 45 Jonas Bergane
2-1 49 Truls Hovland
2-2 56 Preben Strypet
2-3 60 Truls Hovland
3-3 84 Mikkel Storeskar
3-4 90 Truls Hovland