Her blir dei to kvinnene berga ut av fjellet. Det vart først forsøkt med luftambulanse, men til slutt gjekk ein redningsmann ned med tau.

Her blir dei to kvinnene redda frå fjellhylla

Det vart mange timar i fjellet for dei to turgåarane.

Politiet fekk måndag klokka 11.30 telefon frå to kvinner som bad om hjelp. Dei hadde gått seg fast i fjellet, og sat stranda på ei fjellhylle ved Preinsrudtind i Hemsedal. Fjellhylla ligg omtrent ti meter frå toppen.

Nødetatane rykte ut, og luftambulansen vart sendt til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje fått henta dei ut enno. Det var nokre utfordringar med vinden, så luftambulansen måtte organisere på nytt, sa operasjonsleiar i Sør Øst politidistrikt, Marianne Mørk til Hallingdølen rundt klokka 13.30.

Politiet var også på staden, men avventa med å sende nokon opp i fjellet til fots. Luftambulansen forsøkte å hente kvinnene opp med båre, men til slutt vart ein redningsmann sendt ut for å ta seg nedover mot dei.

Cirka klokka 15.00 melde politiet at begge dei to kvinnene var blitt henta ned frå fjellet. Begge er uskadd.

Les også
Får refs frå politiet etter helg med mange lause hundar i fjellet
Det var lenge håp om at luftambulansen kunne berge dei to kvinnene ned, men til slutt måtte ein person ta seg nedover til fjellhylla med tau.