Så lenge alt skjer på min måte ...
Hels på Mira, divaen Mira, sjefs-NRF på Hodnung-setvollen i Gol.
Feirar 10 årsdag i august. Ikkje verst berre det? Mjølkar framleis 40 liter om dagen. Har gjennom mi tid hausta stor respekt i flokken, særleg i fjøset. Der har eg, til forskjell frå dei fleste andre, fast bås. Inst ved glaset.
Du må ikkje ein gong prøve å finne ut kva som skjer om eg blir sett i ein annan bås. Eller om du mjølkar meg frå venstre side. Då kan det hende det blir opprør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje gløym at eg er den klart største kua på mils omkrins. 800 kg levande vekt.
Når eg er ferdig mjølka, har eg mine faste rutinar. Fyrst tek eg eit par skritt bakover mot midtgangen. Prøver å skape oversikt over det som skjer i fjøset. På planke nummer to frå glaset gjer eg frå meg. Ja du veit, ein må jo ha rutinar på alt. Deretter snuser eg i fue på nabokyrne – jyplingane som eg kallar dei.
Mi 15 minutts lange sprading ut frå det om lag åtte meter lange fjøset, er «my time to shine» som dei seier.
Eg har ikkje behov for å stresse. Me er jo på ferie på stølen. Det hender Anne Guri – du veit, ho som trur ho sjefar over meg – prøver å gje meg eit dytt. Men då svarar eg med å stå på flekken i endå lengre tid. Kanskje legg meg ned også.
Ein lyt ikkje dressere ein veteran som meg. Eg gjer som eg sjølv vil, alltid.