Planlegg kontor med tre arbeidsplassar
Viken Kommunerevisjon IKS søker etter to nye stillingar til eit nyoppretta kontor i Hallingdal. Kor kontoret skal plasserast, er enno ikkje avklara.
I desse dagar lyser selskapet ut to stillingar til det planlagde avdelingskontoret. Selskapet har hovudkontor i Drammen og to andre avdelingar i Hønefoss og Follo.
– Me treng to nye rekneskapsrevisorar. Totalt vil me har tre på det nye kontoret. Dei må sitte saman i eit fagmiljø, seier dagleg leiar Inger Anne Fredriksen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hol og Flå starta
Årsaka til nyetableringa er at alle kommunar i Hallingdal no er ein del av porteføljen. Hol og Flå var dei to første kommunane som melde seg inn. Med ein dags mellomrom hausten 2017 vedtok kommunane utmelding av det lokale Kommunerevisjon IKS. Dei valde heller Buskerud Kommunerevisjon IKS, som frå 2020 vart Viken Kommunerevisjon. I vår har dei fire andre kommunane følgt etter.
Ventar med plassering
Fredriksen seier kommunane har vore tydelege på at dei ønskjer eit lokalkontor.
– Me vurderer også det som hensiktsmessig, seier Fredriksen.
– Har de teke stilling til plassering?
– Nei. Me har hatt møte med alle kommunane, og er velkomne i alle. Me ventar og ser kor me får søkjarar og avgjer plassering etter det.
Selskapet ønskjer tilsetting frå 1. september.
– Men me må ta høgde for at det kan blir seinare på hausten, seier Fredriksen.