I farta: Elisabeth Skaane
Å drive butikk i desse dagar er meir utfordrande enn før, men Elisabeth Skaane blir imponert av positiviteten til dei tilsette.
Fakta
Elisabeth Skaane
47 år, bur i Gol, kjøpmann hjå Rema 1000 i Gol.
Butikken har vore stengt i 14 dagar for å pusse opp. Opna att 2. juli.
— Korleis har du det i dag?
Artikkelen held fram under annonsen.
— I dag har eg det strålande. Det var ein kjempeopning torsdag. Endeleg er me i mål, det er ei god kjensle.
— Korleis har det vore å opne butikken igjen?
– Det har gått lett, ingen store problem undervegs. Opninga var over all forventing. Det var 150 kundar i kø då me opna. Me hadde også landets tredje beste omsetning i Rema 1000 denne dagen. Me har fått meir miljøvennlege system, nytt golv og ventilasjon. Det er også blitt enklare for kundane å finne fram.
— Korleis er det å drive butikk i desse dagar?
— Det er meir utfordrande med tanke på reinhald og smitte, men me har ein god flyt på det. Og det er blitt ein dagleg rutine.
— Korleis har den siste tida vore?
— Det blei brått stille då det var hytteforbod. Me tapte mykje pengar i påska. Då reglane vart mjuka opp har det vore jamn tilstrøyming heile tida. Så me har levert gode resultat.
— Har du lært noko om deg sjølv det siste året?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Masse. Eg har aldri vore med på noko så psykisk tungt som koronakrisa. Det er ei påkjenning når du ser at kundegrunnlaget blir borte.
— Kva imponerer deg?
— Korleis me som eit lag har klart å reise butikken, korleis alle dei tilsette står saman om jobben som skal gjerast. Det er stor positivitet blant dei tilsette og det imponerer meg.
– Kva gjer deg irritert og sint?
– Utakksemd.
— Gjævaste gjenstanden du eig?
— Bibelen etter oldefaren min. Han har ein heidersplass heime.
— Framtidsønske?
Artikkelen held fram under annonsen.
— I går signerte eg kontrakt for fem nye år som Rema 100-kjøpmann i Gol. Eg er blitt så glad i rolla mi som kjøpmann på Gol, og håpar på fem nye, gode år.