Ruben S. Setra (liggjande) og Jonas Bekkestad har vore i Danmark og køyrt ATV.
Ruben S. Setra (liggjande) og Jonas Bekkestad har vore i Danmark og køyrt ATV.

Ruben og Jonas sesongopna i Danmark

To hallingar stilte til start i fyrste runde av Dansk meisterskap (DM) i ATV Quad nyleg. Sesongen er i gang.

Ruben S. Setra (16) frå Gol har lenge vore aleine i Hallingdal om å konkurrere på ATV (firehjuling). Det er han ikkje lenger, i år deltek også eitt år eldre Jonas Bekkestad frå Geilo. Begge køyrer for NMK Gol.

Sesongen har ikkje starta enno her i landet, men Ruben og Jonas tok nyleg turen til Hadsund i Danmark, til fyrste runde i DM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite stemde

Ruben har etter kvart markert seg sterkt og køyrer i den beste klassen, Quad Open A. I Hadsund køyrde han inn til ein 11. plass, etter å ha vorte nummer 12 og 10 i dei to finaleheata. Det ser han som ein grei start, men heller ikkje meir.

Banen i Hadsund er ein laus sandbane, eit underlag som ikkje favoriserer golingen. På den vanskelege banen fekk han lite til å stemme, sjølv om det gjekk noko betre i det siste heatet. Men ambisjonane strekkjer seg høgare enn ein 11. plass.

Moro med to

Derimot kan han glede seg over at dei no er to ATV-førarar til å representere NMK Gol. Jonas Bekkestad (17) frå Geilo køyrde sitt fyrste ATV-løp og debuterte i Quad Open C. I Danmark må alle starte i denne klassen, før dei seinare kan kvalifisere seg for opprykk til B og eventuelt A.

Jonas køyrde veldig bra og sikra seg ein 5. plass i debuten. Han hadde litt uflaks og vart sitjande fast i den lause sanden i fyrste heat og hadde ein velt i det andre, men var likevel svært fornøgd med debutdagen.