Ung og målretta
Etter merittlista å døme skulle ein kanskje tru at Cecilie Skrindo aldri slepper hardingfela ut av syne, og at ho lyttar til folkemusikk på veg til butikken. Men 18-åringen frå Ål har alltid visst at ho ikkje skulle bli folkemusikar på heiltid.
Antibac-en står klar på bordet medan Cecilie lagar kaffi. Ho fortel om 18-årsfeiringa på veg inn i den varme vinterhagen på balkongen.
– Det var ganske roleg. Eg feira litt med familien, men hadde dagvakt morgonen etter, seier ho. Ein får ikkje heilt kjensla av å prate med nokon som nettopp har blitt myndig, for Cecilie er både frigjort, moden og trygg. Ei solid vertinne. Ho ser opp til kvinnelege leiarar og folkemusikarar. Også pappa då, som jobbar i ambulansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då ho var 12 år gamal deltok Cecilie for første gong på Landskappleiken i juniorklassa for hardingfele. Ho gjekk heilt til topps i debuten, og har sidan vunne alle gongene ho har deltatt. Ei rask oppteljing på fingrane gjev oversikt.
– Det einaste året eg ikkje var med var i 2018. Men det blir vel fem sigrar på fem konkurransar, seier ho. Det var alt som sjuåring at Cecilie valde å plukke opp fela.
– Eg visste at farfar hadde spelt fele, så det var berre noko me putta på lista då eg skulle starte i kulturskulen. Eg kom inn på song og fele, og det var ganske tilfeldig at eg valde sistnemnde. Det var litt elle-melle.
Fakta
Cecilie Skrindo
18 år, elev på vidaregåande, folkemusikar og ungdomspolitikar. Bur saman med mor, far og veslesyster i Ål.
Fem kjappe:
Sist leste bok?
Eg les for det meste på skulen. Så det må bli psykologiboka i samband med privatisteksamen i mai.
Favorittprogram på TV?
«Grey's Anatomy». Eg har starta på tredje runden no.
Favorittmusikk?
Det meste på topplistene, eigentleg. Felelæraren min meiner vel at eg bør høyre litt meir på folkemusikk, men..
Favorittmat?
Pizza, indisk og spinatsuppe.
Perle i Hallingdal?
Fødalen og Hemsedalsfjella er dei finaste plassane for å gå tur.
Familien syntest det var fint at ho førte arven etter farfar vidare, og då ho voks ifrå barnefela tok ho instrumentet hans i bruk. Farfar gjekk bort før Cecilie vart fødd, så at fela fekk nytt liv vart godt tatt i mot.
– Men det var eg som valde å begynne med musikken. Det har aldri vore nokon som har pressa meg, og hadde eg sagt at eg ville slutte så hadde det vore greitt, stadfestar ho.
Drøymde du nokon gong om å satse fullt på musikken?
– Aldri. Heilt sidan eg var bitteliten har eg visst at eg ville bli noko innan helse, og at musikken skulle vere ein hobby, svarar Cecilie. Ho er audmjuk når ho pratar om felekarrieren. Ordet «talent» brukar ho helst ikkje, og meiner nøkkelen ligg i hardt arbeid og tidleg start. Men dei færraste kan seie at dei som 13-åring spelte solonummer i eit fullsett operahus med dronning Sonja i salen. Sjølv denne historia serverer ho med knusande ro. Som vinnar i si klasse på Landskappleiken vart ho invitert til meisterkonserten i 2014.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg hugsar at det var veldig mørkt i salen, men eg visste jo at det sat over 1000 menneske der. Eg var nok litt nervøs, fortel Cecilie. I dag har det blitt mindre felespeling, men ho øver framleis og har som mål å vere med på Landskappleiken så langt det let seg gjere.
I haust startar Cecilie på tredje og siste år ved Gol vidaregåande skule. Gjennom ungdomsåra har ho engasjert seg i både ungdomsråd og fylkesting, så interessa for politikk og samfunn er ikkje ny. Som lita kunne ho namnet på alle ordførarane i Hallingdal. I dag representerer ho Viken i ungdommens distriktspanel, og har vore på besøk hjå statsminister Erna Solberg.
– Eg har eit ynskje om at distrikta skal leve vidare. At ein skal kunne bu her og at det finst arbeidsplassar, seier ho. Det var etter anbefaling frå ordførar Solveig Vestenfor at ho bestemte seg for å søkje. Med arbeidsveke på stortinget på CV-en stilte ho sterkt.
Korleis er du å debattere mot?
– Familie og vener vil nok kanskje seie at eg er litt hard, og at eg er ein kverulant. Eg vil ikkje gi meg før eg har fått rett, seier Cecilie.
Ho var ikkje gamle jenta då ho begynte å få gjennomslag for sakene sine. Som toåring diskuterte ho seg til at farmor skulle leggje om den planlagde ruta for trilleturen. Målet var bakeriet på Sundre der ein kunne få kjøpt sjokolade. Vel framme sprang ho gjerne bak disken for å helse på dei som jobba der. Ho har alltid vore open og sosial, og den harde sjølvkritikken la ho ifrå seg etter ungdomsskulen.
– Eg kjende på eit veldig karakterpress på ungdomsskulen, og jaga meg sjølv mykje. Viss eg ikkje fekk toppkarakter vart eg utruleg skuffa, og det er ikkje eit sunt press å leggje på seg sjølv så tidleg. Eg prøver å rå veslesystera mi til å ikkje stresse like mykje, seier ho.
I dag har ho beina godt planta på jorda, og tek imot dei fleste karakterar med eit stort smil. Ho veit at ein ikkje kan bestå alle livets prøver med feilfritt resultat, og lever godt med det. Ho mistar heller ikkje nattesøvn over at folk ventar store ting av henne. Det har hendt at folk spør om kvifor ho ikkje satsar på musikken, eller seier at dei reknar med å sjå henne på Stortinget ein dag. Men Cecilie veit kva ho vil, og er glad for det.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg rosar dei som satsar på musikken, men det er ikkje for alle. Eg likar det uforutsigbare og at ingen dag på jobben er lik, seier ho. Med ein far som jobbar i ambulansen fatta ho tidleg interesse for arbeid innan helse. Ho følgde med på jobb, studerte ambulansane og vart kjent med kollegaene hans.
Valet stod lenge mellom sjukepleiar og ambulansearbeidar, men ho har landa på det første. Med fersk sommarjobb i heimetenesta har ho fått ein fot innanfor. Arbeidskontrakten fekk ho same dag som ho vart permittert frå Hallingdal feriepark midt i koronatida.
– Eg som jobbar i helse og med risikogrupper håpar at me unngår ein ny smittetopp. Men eg synest Norge har handtert epidemien veldig bra, seier Cecilie. Som for dei fleste andre, går ho ein litt annleis sommar i møte.
– Det har vore ei rar tid, men for min del var det ikkje verst tenkeleg tidspunkt. Eg hadde ikkje dei aller største planane akkurat no, sjølv om det er synd å miste Hellbillies-konserten no som eg endeleg har fylt 18, seier ho og peiker ned mot Hallingdal feriepark. Vanlegvis har ho sete på verandaen og høyrt på sommarens store hending i bygda.
Barndommen på Ål har vore god. Viss ho voks opp ein annan stad hadde kanskje aldri dronninga fått høyre 13 år gamle Cecilie spele i operaen. Folkemusikken står sterkt i bygda, men i løpet av Cecilie sin karriere har ting endra seg.
– Det var eit stort miljø då eg starta, men eg trur det dabbar litt av. Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr rekrutterar framleis, og eg håper dei lykkast med det. Me har mykje å takka dei for, seier ho. Likevel er ho opptatt av at ein ikkje skal «prakke på» barn og unge verken politikk eller musikk. Engasjement er viktig, men endå viktigare er det å kunne gå sin eigen veg.
Vinterhagen nærmar seg drivhustemperatur, og Cecilie opnar dørene for å få inn litt luft. Kanskje blir det ein fullverdig sydensommar sjølv om Spania-turen med familien vart avlyst i år.
Er det noko som kan halde deg vaken om nettene?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kanskje viss eg har drukke mykje koffein på kvelden? Eg er eigentleg ein person som sovnar med ein gong hovudet treffer puta.
Ingen store bekymringar for framtida, verda og universet?
– Nei, det tek eg heller på dagtid, i så fall!