MC-velt med personskade på Fv50
Ein person er skadd etter ein MC-velt på Fv50 Hol - Aurand, ved Vestredalsvatnet.
Det melder Vest politidistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei fyrste meldingane gjekk ut på at det var trafikkulyke i Geiteryggtunnelen. Politiet melde om dette klokka 11:48. Dette er ikkje riktig. Hendinga skjedde lenger vest, ved Vestredalsvatnet.
Statens vegvesen melde litt seinare at trafikken forbi staden gjekk seint på grunn av ulykka.