Stina og Harald Frøvoll Torgauten.
Stina og Harald Frøvoll Torgauten.

Omfamnar julekaoset

For det unge presteparet i Nore handlar årets julebodskap om å godta at me menneske ikkje er perfekte. Me gjer både lure og dumme ting, og det er heilt greitt.

e hadde grøn jul i fjor også. Eg føler meg litt lurt, for no er me på fjellet, seier Stina Frøvoll Torgauten.

I år er det ho som steller heime, medan mannen Harald Frøvoll Torgauten vikarierer i stillinga hennar. Dottera Astrid er fire månader. Med tre ungar i hus, er dei vaksne plutseleg i mindretal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ammehjerne. Det går litt sakte.

Harald nikkar og stadfestar at det er ei fysisk greie.

Sommaren 2014 flytta paret inn på prestegarden i Nore, med Nore stavkyrkje frå 1167 som næraste nabo. Herifrå har dei utsikt over Norefjorden. Den eldste delen av huset er frå 1830, sjølv om huset kjennest både fresht og lunt. Dei var nyutdanna og ferdig som prestar med eit halvt års mellomrom då det opna seg to prestestillingar i Nore og Uvdal. Likevel hadde dei ikkje sett for seg å ha same arbeidsplass. Hadde det ikkje vore for studiekameraten som er sokneprest i Rollag, hadde dei kanskje enda opp ein annan plass. Det var nemleg han som tipsa.

Stina Frøvoll Torgauten.
Stina Frøvoll Torgauten.
Harald Frøvoll Torgauten.
Harald Frøvoll Torgauten.

Paret tok det heile som eit eventyr. Likevel var dei spente på kva folk i bygda tenkte om dei då dei kom flyttande.

– Me er berre ein vanleg familie på fem, sjølv om me er ein prestefamilie. Det er heller ikkje ei ulempe å ha ungar, for i barnehagen er me berre småbarnsforeldre. Me fekk ein fin velkomst, det er me glade for. Me trivst godt her, både som familie og i jobb. Nore er ein super plass for ungane. Foreldra mine i Drammen er også berre ein kort biltur unna, seier Stina.

Begge har gått fleire rundar med seg sjølve for å finne ut om det var prestar dei verkeleg skulle bli. Paret landa ikkje på avgjerda før på slutten av dei seks åra studiet tok på Universitetet i Oslo.

Å vera prest er ein uføreseieleg jobb. Folk døyr ikkje til faste tidspunkt. Og adventstida er lang og hektisk. Harald reiser rundt for å ha lysmesser og opplegg for barnehagar og skular. Så kjem jula.

– Eg gler meg. Å halde gudstenester i høgtidene med fullsett kyrkje er av det flottaste eg gjer som prest. Det er i høgtidene me går inn i kjernen av kvifor me held på med dette. Eg er glad i å kunne fleske til med både historier, lys og songar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år er det kanskje Haralds tur til å ta imot kronprinsparet. I fjor var preika og alt planlagt, før Stina fekk eit hint om at dei kom. Likevel endrar dei ikkje programmet, gudstenesta er for folk i bygda. Faren til Harald kjem også i år for å avlaste sonen som elles skulle rekke over fire kyrkjer i kommunen.

– Han kjem som kritikar?

– Eg har sytt for at han er oppteken medan eg held på, seier Harald lattermildt, før han legg til:

– Han ein veldig kompetent kritikar. Han har vore prest i mange år, så det blir også kollegialt, forklarar han.

For prestane følgjer med på kvarandre og gir tilbakemelding når ting ser rart ut. Under dåp brukte Harald handa for å ause opp vatnet frå døypefonten, fordi han tykkjer det gir ein flott sildrande lyd. Som tilskodar oppdaga Stina den intense armristinga Harald gjorde for å få handa tørr att. Det var han ikkje klar over, så no har han slutta med det.

– Det er fint å ha folk kring seg som torer å seie ifrå. Det er slik me jobbar under studiet, forklarar han.

På Nore prestegard er juletradisjonane innarbeidde. Dei skal gå rundt treet, og dekke bordet med lokal og glad ribbe med moltekrem til dessert. Å kjøpe kjøt og vilt lokalt er noko dei tykkjer er eksotisk med å bu øvst i Numedal.

– Det er driftige folk i kommunen, som produserer mat av beste kvalitet. Det er så givande å bu ein plass der folk gjer ein stor innsats for at det skal vera kjekt å bu, seier Stina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde det vore opp til Harald hadde nissen kome 6. desember. Då er det Nilsmesse, som har opphav frå St. Nicolas, biskopen i Tyrkia med kvitt langt skjegg som gav gåver til folk.

– Me må få nissen på besøk julaftan, sjølv om Harald meiner vår nisse er ei blanding mellom Coca-Cola-nissen og fjøsnissen, skjer Stina igjennom.

Harald tykkjer også at folk startar julefeiringa for tidleg. Han meiner det er stor skilnad på advent og jul.

– Kyrkja har ein fin struktur på livet. Før festen i jula og påsken, skal det vera ventetid. Eller tid til bot og ettertanke. Tradisjonelt levde ein då litt enklare og granska seg sjølv før festen og gleda. Det har forsvunne litt i vår kultur. Eg blir møkk lei når jula startar rett etter halloween.

Han veit han høyrest eldre ut enn 28, men så er det også forskjell på teori og praksis. For også i heimen har dei spelt julesongar i adventstida og Harald har alt ete ribbe.

– Me er menneske alle saman, det er naturleg å lengte etter det som gjer oss glade, seier han.

Det høyrer også med til historia at den fungerande soknepresten er svak for skytespel og å jakte dragar på X-boksen. Likevel presiserer han det har vorte mindre videospel etter ungane kom.

– Kva med gåver?

Artikkelen held fram under annonsen.

Stina tykkjer det er fint å gjera kupp, men meiner at forbruket på gåver har teke av. Ein står i kø i timevis for å kjøpe ting ein ikkje treng. Ho er bevisst på forbruk, og brukar heller tid på å finne noko ho veit vil glede mottakaren. Ho meiner det er verdifullt i seg sjølv å ønskje seg ting. Ventetida skaper glede og forventningar, sjølv om ein har pengar til å kjøpe det ein treng sjølv.

– I jula vil me alle tilbake til barndommens jul der alt er perfekt, men slik blir det aldri. Det er mykje i livet som ikkje er perfekt, seier ho.

I staden for å pynte på sanninga, minner Harald om at me i jula feirar eit barn som vart fødd i ein stall av flyktningforeldre. I tillegg var det uklart for samfunnet rundt kven som eigentleg var faren.

– Det er lite som er perfekt rundt det. Den perfekte gud omfamnar det uperfekte menneske, seier han.

Harald brukar ordet «feiltastisk». Det handlar om å omfamne det menneskelege. Han tykkjer det er ei fin motvekt mot jaget om å vera pen, snill og fikse alt.

Dei tykkjer det er både givande og meiningsfullt å markere livets store hendingar i både glede og sorg.

– Blir de nokre gonger metta på dei store kjenslene?

– Me lyttar til folks historier. Klart det gjer noko med oss, men me kan ikkje gjera all sorg og glede til vår eigen. Då hadde me ikkje greidd å stå i yrket. Ritual frå dåp til gravferd er ikkje berre tomme tradisjonar. Ting kjem i ei naturleg rekkefølge og følger fram til ei avslutning. Det er verdifullt og gir liva våre rammer. Elles hadde ein kutta det ut for lengst, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med skulegudsteneste. Bør alle vera med på det?

– Eg meiner det er ein måte å få forståing for ulike religionar, men at foreldra kan be om fritak ser eg som viktig. Samstundes vil ikkje våre ungar få fritak om skulen skal besøke ein moské. Det er viktig å ha gjensidig forståing. Den andre sida handlar om kulturarven vår og kvifor Norge har blitt slik det er i dag, seier Stina.

Harald meiner at all kontakt mellom skule og kyrkje skal skje etter klare spelereglar. Han tykkjer skulegudsteneste-debatten er eit symptom på religionsangst.

– Det er skummelt om ein endar opp som analfabet når det kjem til religion. Det handlar om å få forståing om kva det betyr å vera religiøs. At det ikkje-religiøse er normalen i eit samfunn som er ope for ulike livssyn, har eg vanskar med.

– Men treng ein religion i velstandssamfunnet vårt?

– Me har behov for å gi livet meining og hensikt, sjølv om behovet for religion nok er større om livet er vondt og vanskeleg. Det blir nok sendt fleire bøner frå Middelhavet og Nordsjøen. Eg trur det er ein del av forklaringa, men samstundes passar ikkje den forklaringa på oss. For me har hatt det greitt, sjølv om me er religiøse. Livet går opp og ned sjølv for dei som har det bra. Då trur eg det kokar ned til om du trur det er sant eller ikkje. Då er mitt svar at eg trur det er sant, seier Harald.

Stina Frøvoll Torgauten

29 år, gift, tre ungar, frå Drammen, bur på Nore prestegard, sokneprest i Nore og Uvdal, men har no permisjon.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

Det blir ikkje så mykje lesing med tre ungar, så det trur eg må vera ei strikkebok.

FAVORITTPROGRAM?

«Monsen på villspor» er veldig kjekt. Så er eg sterkt gripen av «Skam».

Favorittmusikk?

Album eg har lagra på Spotify er av Ingebjørg Bratland og Kristian Kristensen. Eg lyttar mykje til norske artistar for tida.

Favorittmat?

Eg er veldig glad i gjærbakst.

LOKAL Perle?

Staumsåsvarden i Nore, då ser ein ut over Norefjord. Eg er veldig glad i utsikter, sjølv om me ikkje besøker dei høgste toppane.

Harald Frøvoll Torgauten

28 år, gift, tre ungar, frå Fredrikstad, bur på Nore prestegard, fungerande sokneprest i Nore og Uvdal, men til vanleg menigheitsprest i kommunen.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

«A Clash of Kings», som er bok nummer to i serien «Game of Thrones».

FAVORITTPROGRAM?

Eg likar godt HBO-seriar som «Game of Thrones» pluss korte lette ting for å slappa av om kveldane.

Favorittmusikk?

Nick Cave og Tom Waits er alltid med. No går det også mykje i juleplata til Jethro Tull.

Favorittmat?

Lammelår med søtpotetmos og bakte rotgrønsaker.

LOKAL Perle?

Eg likar Norefjorden godt. Det er fint å ha vatnet så tett på kyrkjetomta. Eg tykkjer vatnet gir ro, men det gir også moglegheit til å fiske.