To sikta for valdtekt
To gutar er sikta for ei valdtekt i Hallingdal.
Valdtekta skal ha skjedd på ein fest natt til laurdag.
– To gutar under 18 år er sikta. Den fornærma er også under 18, seier jourhavande i Sør-Øst politidistrikt, Ann Iren Svane Mathiassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to sikta er avhøyrt og vart sleppt fri laurdag. Etterforskinga held fram måndag.
– Det er gjort innleiande avhøyr, dei som var til stades på festen er avhøyrt og det er sikra bevis, seier Svane Mathiassen.