Det var i eit ridefølgje til Hemsedal Hestesenter ulykka skjedde, etter at fleire hestar vart skremde. Biletet er frå ein tidlegare ridetur til Hemsedal Hestesenter.
Det var i eit ridefølgje til Hemsedal Hestesenter ulykka skjedde, etter at fleire hestar vart skremde. Biletet er frå ein tidlegare ridetur til Hemsedal Hestesenter.

Ni personar skadde i rideulykke

Ni personar er skadde etter at eit hestefølgje til Hemsedal Hestesenter vart skremt ved Gommobu i Nord-Aurdal i Valdres. Ryttarane skal ha falle av hestane.

Politiet stadfestar at det har skjedd ei rideulykke, og melder at dei skadde er frakta til sjukehus og legevakt. Ein person er floge med luftambulanse til Ullevål, to er sendt til sjukehus på Gjøvik og seks personar til legevakt på Fagernes.

Ifølgje politiet er ingen av personane kritisk skadd. Det skal i all hovudsak vera brotskader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka skjedde i 16-tida onsdag.

Vart skremde

Ifølgje Oppland Arbeiderblad er det Hemsedal Hestesenter som har arrangerte rideturar til Gommobu, med utgangspunkt i Lykkja i Hemsedal. Dette får Hallingdølen stadfesta også frå andre.

- Hestane vart skremde av ein kuflokk. Det er alt eg veit, sa Sissel Gulbrandsen i Hemsedal Hestesenter til Oppland Arbeiderblad i 17.30-tida. Ho reid i eit anna følgje og visste ikkje meir enn det.

Fylgje på 20

Etter det Hallingdølen får opplyst reid følgjet på 20 hestar frå Oset i Gol, og ulykka skjedde 3,5 km før dei kom til Gommobu. Hestane skal blitt skremde og ryttarane falle av. Planen var at følgjet skulle ri vidare til Lykkja fredag.

Ambulanse, politi, brannvesen og luftambulanse rykte ut etter at ulykka var varsla. I 19.30-tida fekk Hallingdølen opplyst at aksjonen var avslutta i fjellet, og at alle involverte var tekne ned til Fagernes. Der stilte kommunen kriseteam opp for å hjelpe dei involverte.

Unge og vaksne

Det skal vera både unge og vaksne blant dei skadde, men ingen av dei er kritisk skadd.