Er det bjørnen som har gjort ifrå seg på ein veg i Todalen?
Er det bjørnen som har gjort ifrå seg på ein veg i Todalen?

Har bjørnen kome att?

Viss møkka på dette bilete er frå bjørn, er det ein svært interessant observasjon.

Men ekspertane er usikre.

– Møkka må sendast til analyse før me kan seie noko heilt sikkert, seier regional rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn (SNO), Espen Marker,

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferskt

Bilete er teke i Todalen i Nes for få dagar sidan.

To kameratar på mopedtur oppdaga møkka som låg midt i vegen. Den var fersk. Bilete av møkka er sendt til SNO. Men Marker er ikkje hundre prosent sikker på om det er bjørnemøkk.

Er skotne

Men viss det er ein bjørn som har gjort ifrå seg på vegen i Todalen ikkje langt frå Nesbyen, er det interessant. Det har nemleg ikkje gjort observasjonar av bjørn i Buskerud på to år.

– Alle bjørnane som var innom Buskerud er felte, seier Marker.

Ein bjørn som vart skoten i Telemark hadde vore mykje i øvre Hallingdal, og ein bjørn som vart felt i Gausdal hadde overvintra i Vassfaret. Det fortel DNA-analysane.

– Meld ifrå

– Bjørnane brukar store område. Og det er nok uttak andre stader som gjer at det ikkje har vore observasjonar i Buskerud dei to siste åra, seier Marker.

Men spørsmålet er om det likevel er ein bamse som har vore innom Todalen dei siste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss folk ser og finn noko som dei trur kan stamme frå bjørn, må dei melde ifrå til oss. Finn dei møkk, kan dei ta med ei prøve. Men møkka kan ikkje berre stappast i lomma. Den må leggjast i noko reint, som ein brødpose eller liknande. Men helst vil me hente den sjølv, seier Espen Marker.