Dreiv gjenoppliving i ein time
Ein svensk mann i 40-åra omkom i Hemsedal skisenter fredag føremiddag.
Ulykka skjedde i løype 16 i Tinden-området.
Årsaka er sannsynlegvis at mannen har mista kontrollen og køyrt ut av løypa, der han trefte eit tre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Køyrde utfor løypa
Innsatsleiar Stein Smestad seier til Hallingdølen at politiet fekk melding om at ein person var omkomen i Hemsedal skisenter klokka 12.30.
Skipatruljen og Norsk Luftambulanse var på staden kort tid etter ulykka. I ein time vart det forsøkt å redde mannens liv før han vart erklært død av legen frå luftambulansen. Ifølgje Smestad var mannen i skisenteret saman med fleire andre.
– Kor mange han har køyrt med då han omkom, veit me ikkje. Men han var her med fleire, seier Smestad.
Løypa mannen omkom i blir karakterisert som ei fin turistløype av fleire som har køyrt den. Den har kategori blå.
– Mannen har omkome utanfor løypa. Men slik me har fått det forklart, så har han køyrt i løypa, men på eit eller anna vis hamna utanfor. Årsaka veit me ikkje. Han har ramla og pådrege seg skader slik at han omkom, seier Smestad.
– Kva gjer politiet vidare?
– Me har vore på åstaden. Så vil me prate med dei han var saman med for å få oversikt korleis dette kan ha skjedd.
– Veldig trist
Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, seier det er ein trist dag i skisenteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Smith-Erichsen seier at det kommunale kriseteamet vart samla kort tid etter ulykka.
– Me handterer dette etter dei rutinane me har ved slike situasjonar. Kriseteamet er forsterka med folk frå oss som er trena på dette, seier Smith-Erichsen.
Løypa der ulykka skjedde, og ein av heisane i anlegget vart stengde rett etter ulykka.