Det vart registrert rekordmange alpinskadar på Hemsedal legekontor i fjor, men det vil bli rekord kvart år dersom målet om ein million skidagar skal bli nådd innan 2020. Biletet er frå Hemsedal Junior Park Attack 2010.
Det vart registrert rekordmange alpinskadar på Hemsedal legekontor i fjor, men det vil bli rekord kvart år dersom målet om ein million skidagar skal bli nådd innan 2020. Biletet er frå Hemsedal Junior Park Attack 2010.

1014 skadde seg i bakken sist vinter

Fjorårsvinteren vart eit rekordår, med 1014 alpinskadar. Slår prognosane til, vil det bety 1700 skadar i 2020.

Det er storinnrykk i Hemsedal skisenter i desse dagar. Der kan ein skilte med 17 av 18 bakkar opne.

Med ei ekstra lang julehøgtid i år ligg ein godt an til å få meir enn 600.000 skidagar i årets sesong. Dersom skadefrekvensen er som i fjor vil over 1000 personar få eit besøk på Hemsedal legekontor i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal har som mål å kome opp i 1 million skidagar i 2020. Med same skadefrekvens betyr det nær 1700 alpinskadar.

Vil utvide helsesenter

Dette er ei av fleire årsaker til Hemsedal legekontor har behov for å utvide.

Sist veke vart det bestemt at det vil bli gjort strakstiltak i 2016 for å betre den akutte situasjonen i høve til plassmangel. Det vil også bli sett i gang ein analyse for å sjå på behovet meir på sikt.

Kommuneoverlege Harald Lystad seier det slik:

– Førre sesong var det 1014 alpinskadar. Me vil ikkje vente til me har 1500, me vil heller vere tidleg ute, sjølv om ei storutbygging truleg er langt fram i tid.

1014 er rekord

1014 er rekord. Aldri har så mange skadd seg i alpinbakken sidan Lystad starta å føre statistikk i 1982. I databasen har han 20.000 skaderegistreringar.

Då legesenteret kom i drift i 2002 var skadetalet 633. På 12–13 år har det altså auka med 60 prosent.

– Ein kan ikkje sjå på skadetal åleine, seier Andreas Smith-Erichsen, dagleg leiar i Skistar Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skadefrekvensen er fallande. Me har fleire skidagar og større volum, seier han og argumenterer med at det betyr fleire skiturar per skade.

– Det er ei målsetjing om ein million skidagar innan nokre år, men det er jo ikkje berre opp til oss, seier han og understrekar at dei har stort fokus på tryggleik.

Behov for kjempeløft

Opphavleg var både legekontoret, psykisk helse, helsesøster og fysioterapi under eitt og same tak. I dag er dei spreidd på mange bygg. Lystad ønskjer dei tilbake til eitt fagmiljø.

Det er både folketalsauke, turistvekst og flyktningar som i dag skaper behovet.

– Kva vil det koste?

– Det er sikkert mogeleg å rekne på det, men det vil bli snakk om store summar dersom alle skal ha kvart sitt kontor, seier Lystad

Underlaget avgjer skaden

Ved inngangen til vintersesongen første store innrykk er dagleg leiar i Skistar Hemsedal mest oppglødd over dei gode bookingtala.

– Me ventar fullt trykk på alle område. Det er ikkje mykje ledig kapasitet. Alle nedfartar med kunstsnø er opne, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er mildvêr?

– Det er veldig gode forhold i bakken, og med natursnøen som er meld blir det endå betre, seier han.

Lystad kan opplyse at underlaget har litt å si for kva type skade dei får inn.

– Glatt underlag betyr hovudskadar, arm- og skulderbrot, mens nysnø fører med seg beinbrot og kneskadar.

Vondt i hovudet av parkkøyring

Statistisk er 30 prosent av skadane forstuingar og brot. Hjelmbruken blant dei skadde var i fjor på 90 prosent. Det betyr at nær hundre ikkje hadde hjelm.

– Før hjelm vart vanleg var 20 prosent av alle skadar ein hovudskade. I dag er talet halvert, seier Lystad. Han registrerer at kvar fjerde hovudskade skjer i park.

Berre 7,5 prosent av alle som skadde seg i bakken sist vinter hadde behov for å bli innlagd på sjukehus. Blant dei 76 pasientane var det 16 med hovudskadar, 9 med nakkeskade, 14 med mage-, bryst eller ryggskade, 7 med beinbrot og 7 med armbrot.