Klar for Finnmarksløpet
Fjorårsvinnaren Inger-Marie Haaland er klar for eit nytt Finnmarksløp. På Fagerheim finpussar ho og hundane formen saman med coach Ralph Johannessen.

Spenning før Finnmarksløpet

 Tre veker før Finnmarksløpet ser fjorårsvinnaren Inger Marie Haaland hundespannet forsvinne innover Hardangervidda.

Line Sandvik

Publisert: 02.03.13 04:30  Oppdatert: 28.02.13 13:14  Skriv ut    A A A

Det som ikkje skal skje – har skjedd. Berre nokre få veker før dette spannet skal gå eit av verdas lengste sledehundløp, er det ute på sjølvstyr. Ein eitrande forbanna bergensar står og ropar oppe i bakken. Den einsame kvinna står berre og ser. For henne er det berre å koma seg attende til Fagerheim Fjellstugu.

Tarzan & Jane

Inger Marie Haaland kjem springande i laussnøen opp mot fjellstugu. Ho kastar den tjukke vinterjakka og får på seg skia. For her er ingen tid å miste. Alt kan skje. Eit av verdas beste hundespann kan risikere å skade seg. Og den sinte bergensaren må jo blidgjerast. Nokre av hundane til bergensaren og sambuaren Ralph Johannessen er jo med i dette spannet. Spannet er nemleg set saman av dei beste hundane til både Inger Marie og Ralph.

Men Inger Marie er like blid. Lite vippar henne av sleden. Men når gulldronninga, den vesle leiartispa Millie, snubla ut av halsbandet og vart slept med og nærmast trakka over av dei andre, då måtte Inger Marie fram for å fikse på sakene. Det var då det skjedde. Bremsen hang dårleg i den lause snøen, og to av hundane vart for ivrige. Plutseleg fekk dei heile spannet med seg. Inger Marie kasta seg etter sleden i reine «Tarzan og Jane»-stil, men bomma.

– Det var ikkje mine to hundar, men eit par me har på lån, påpeiker Inger Marie og legg fleipande til at det er sånn dei trenar spannet. Lar det springe løypa aleine. Ho spenner på seg skia set av garde etter hundane.

Attende til matmor

– Ja, dei kan jo springe nokre mil dei, før dei snur, seier Ralph. Hundane har mange, mange treningsmil bak seg. I desember la deg bak seg 120–130 mil. Dei daglege treningsturane ligg på opp mot ti mil. Det betyr dagsturar på mellom seks og åtte timar.

– Tenk å miste spannet då. Tre veker før Finnmarksløpet, humrar bergensaren og rister på hovudet. Men han veit godt, at meir erfaren hundekøyrar enn Inger Marie skal ein leite lenge etter. Og sanneleg tek det ikkje lange tida før ho kjem inn på tunet med heile hurven.

– Dei kom tilbake, seier ei strålande Inger Marie og parkerer sleden godt. Hundane oppdaga at matmor ikkje var med. Då tok dei to leiarane Juta og Lukas ein pen boge attende mot Fagerheim. Med Millie laus. Inger Marie kunne knapt vore meir stolt av hundane sine der ho klappar og klemmer. Ho let dei verkeleg få vite at dei er verdas beste. Det ordnar seg for snille piker.

Hundekøyrarar har eit spesielt forhold til hundane sine. Det må dei, som skal dei ligge først verdas tøffaste sledehundløp. Hundane har nettopp vunne Femundløpet og vorte norgesmeistrar, med Ralph Johannessen bak sleden. No skal dei ut i Finnmarksløpet med Inger Johanne som sjef. Laurdag om ei veke startar det heile i Alta.

Litt misunneleg

– Er du misunneleg?

Me tek mot til oss, og spør den no så mykje blidare bergensaren.

– Ja, seier han kort. Og smiler breitt.

– Han håpar vel at eg skal brekke eit bein, parerer Inger Marie lattermild. For dei legg ikkje skjul på at dei konkurrerer. Dei trenar kvart sitt konkurransespann, men har funne ut at det er best å toppe eit spann og konkurrere ein om gongen i dei store løpa. Dei fungerer nemleg svært godt på det viset. Ralph var fyrst påmeldt Finnmarksløpet med eit B-spann.

– Men så fekk ho grine seg til at eg skal coache henne. Ho kjenner seg trygg når pappa står på sidelina, seier Ralph på brei dialekt.

– Kva hadde skjedd om begge hadde stilt til start?

– Då hadde me vore bitre fiendar, skrattler Ralph.

– Han er så konkurransemann. Kvar einaste treningstur me har, prøver han å slå meg, seier Inger Marie, og skuttar med neven. Inntil to veker før Femundløpet trenar dei med kvart sitt spann. Så slår dei saman dei beste. Ralph legg raskt til at han vart ganske så utlada etter det tøffe Femundløpet. Det same vart hundane. Ein kunne godt sjå det både før og under dagens treningstur. Dei tek ikkje så lange turar om dagen, for å seie det slik. Piffen er liksom ikkje der. Hovudjobben er å motivere, og byggje opp lyst og iver. For treningsmessig er dei på topp. No er det i skallen det må klaffe.

– Når kjem piffen attende då?

– Når dei står på startstreken, slår Ralph fast.

Tøff sport

I Finnmarksløpet stiller Inger Marie med dei same hundane som ho vann med i fjor.

– Eigentleg skulle ein ikkje klare å vinne med så unge hundar. Dei var to og eit halvt år. I år er dei ferdige i kroppen og i hovuda. Har meir erfaring. Det er eit betre spann i år, seier Inger Marie.

Det skulle love godt. Dei 14 hundane skal gjennom 1000 kilometer. Men så er dei herda også. På Hardangervidda traskar dei ikkje i skuterspor. Desse hundane pløyer løypa sjølve. Det gjer svært sterke både mentalt og fysisk. Men så blir dei stelt godt med også. Dei står ikkje ute i kjetting. Hardangervidda er for røff til det. Då må ein grave ut snø av husa heile tida. Og bytte halm annakvar dag. No ligg hundane inne i ei bu. Ralph sine i ei bu og Inger Marie sine i ei annan.

– Hennes ligg i sossebua, er Ralph rask med å skyte inn.

– Hjå Ralph ligg hundane i heimesnikra kasser. Berre rot og ingen varme. Og halvparten så mykje halm. Hans hundar piler inn til meg så fort dei får sjansen, parerer Inger Marie og ler. Ho legg nøgd til at alle dei som skal gå Finnmarksløpet camperer i sossebua. Toppidrettsutøvarar må ha godt stell. Og god mat.

Sterke inntrykk

Ho fortel levande om løpet i fjor. Om naturopplevingar, om å køyre med lysa til konkurrenten like bak seg og om parkeringa. Hundane stoppa, og ho snorksøv medan konkurrenten tok innpå. Ho fortel om drivkrafta bak dette med å køyre løp. Å trene i månadsvis i minusgrader og dårleg vêr. Ho fortel om å falle inn på stovegolvet etter ei iskaldt treningsøkt og korleis det er å stikke nærmast frostskadde tær innpå magen til Ralph.

– Eg hadde nærmast håpa på nokre forfrosne tær. Då hadde det ikkje vorte Finnmarksløp på ho, fleipar Ralph.

Langdistansetrening av hundar er mykje meir enn ein heildagsjobb. Dette er ein av dei tøffaste sportane ein kan drive med. Og Inger Marie må vere eit av dei tøffaste kvinnfolka som finst. Den vevre skapnaden til trass, det ligg steinhard vilje og steinharde musklar i botn. Økter på opp mot 17 timar i strekk med berre få timar søvn imellom skremmer ikkje henne. Og dette pågår i dagevis.

– Ein gru/glede-kjensle, smiler ho. Inger Marie køyrer for å vinne. Kvart minutt teller.

– Frå Kirkenes bør eg ligge blant dei tre beste, om eg skal ha nokon sjanse, seier ho bestemt.

Andre hallingar

132 køyrarar stiller til start på Finnmarksløpet 2013. Fire av desse er tilknytt Hallingdal.

Inger Marie Haaland er einaste halling i 1000-kilometersklassen. I 500-klassen stiller Andrè Bjørnstad frå Skurdalen som ein av 74 køyrarar. I denne distansen stiller også Alf Stokke med spannet til Hemsedal Huskies og hytteeigar i Hemsedal, Johanne Sundby, med sitt siberian husky-spann.

På NRK1

Tysdag kan du få eit innblikk i det spesielle kvardagslivet til Inger Marie Haaland og Ralph Johannessen i programmet «Ut i naturen» på NRK1.

redaksjonen har kalla episoden «Vidde, vilt og vakkert», og syner livet på Fagerheim Fjellstugu både sommar og vinter. Inger Marie er to gonger vinnar av Finnmarksløpet, og tek tv-sjåarane med seg til draumestadene sine på Hardangervidda. Om somrane er ho vertinne på Fagerheim Fjellstugu. Vintrane trenar ho hund der.

Finmarksløpet: Ralph Johannessen og Inger Marie Haaland skal køyre verdas lengste hundeløp. Ralph i 2014 og Inger Marie i 2015.

Finnmarksløpet: Inger Marie Haaland med ein av dei topptrente hundane sine.

Mat: Alle toppidrettsutøvarar må ha det beste som finnast når det gjeldt mat. Også dei firbeinte.

Tøffing: Truleg ein av verdas tøffaste kvinner – Inger Marie Haaland. To gonger vinnar av Finnmarksløpet og stiller til start også i år.

Heim att: Hundespannet snudde av seg sjølv, plukka opp matmor på vegen og køyrde pent heim att.

Trening: Å køyre langdistanse sledehundløp betyr seks til åtte timars trening om dagen.

Kjøt: Hundane står stille og ventar når Ralph Johannessen hogger opp kjøtet.

Mykje jobb: Inger Marie selar på leiarhunden Millie.

Inger m og ...

 
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse