Aksjon: Politiet leier ein leiteaksjon på Nesbyen. Ei jente har vore sakna sidan i natt.

Leiteaksjon etter 16-åring

 Store leitemannskap søkjer etter ei 16 år gamal jente på Nes. Politiet ønskjer tips i saka.

A A A

Det er sett i gang ein større leiteaksjon etter ei 16 år gamal jente på Nesbyen. Ho er sist sett gå frå utestaden På Hjørnet i 02-tida natt til laurdag. Ho vart meld sakna av familie då ho ikkje kom heim.

– Me har lite å gå etter så tips er velkomne, seier Christoffer Norhaug, innsatsleiar i politiet.

Tips er ønske meld til operasjonssentralen på 32103210.

Jenta har bustadadresse i Nesbyen sentrum, ho er kring 160 cm høg, har mørkt langt hår, raud jakke med hette og pelskrage. Ho hadde korte skjørt og svarte «pumps» då ho gjekk frå staden.

Norhaug leier aksjonen som står av mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps, hundepatruljar for Norske Redningshunder, luftambulanse og mannskap frå politiet. Det blir også søkt med båtar i Hallingdalselva.

Leitemannskap søker med utgangspunkt i sentrum av bygda.

 
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse