Brann i Flå
Det brann kraftig då brannmannskapa kom til omsorgsbustadene i Flå natt til måndag.
Brann i Flå i natt
To personar vart køyrde til legevakta etter ein brann i Flå i natt.
Dei kom seg ut av den brennande bygningen i tide. Ingen vart alvorleg skadd i brannen.
Brannen vart meldt til politiet klokka 01.19. Ein stor styrke med brannmannskap frå Flå og Nes rykte ut.
Store skadar
Det brann kraftig i den eine veggen i ein omsorgsbustad i Flå sentrum då brannmannskapa kom til staden. Dei klarte raskt å få kontroll over brannen, men to leilegheiter fekk store skadar.
– Uvisst
Brannmannskapa klarte også å hindre brannen i å spreie seg til naboleilegheitene.
– Årsaka til brannen er førebels uviss, sa politiførstebetjent Roy Riksvold til Hallingdølen i natt.
RSS
KONTAKT OSS









