Brann på Torpo
Torsdag morgon var det berre ruinar att av huset som brann ned på Torpo.
Ein funnen omkomen i brannruin
Politiet har funne ein omkomen person i branntomta på Torpo, men dei kan ikkje stadfeste identiteten.Ei ti år gamal jente er sakna etter brannen i eit bustadhus på Torpo.
– Me håpar å få brakt den døde ut av branntomta i løpet av ettermiddagen, slik at me kan starte på identifiseringa, seier lensmann i Ål, Pål K. Mikkelrud.
Undersøkjer og gjer avhøyr
Mikkelrud seier politiet har kalla inn ekstra mannskap både frå Hønefoss og andre kontor i Hallingdal. Kripos er ikkje kopla inn i etterforskinga.
– Kan de seie noko om årsaka til brannen?
– Det er altfor tidleg. Me driv framleis med tekniske undersøkingar og går gjennom brannstaden bit for bit for å lokalisere kor brannen starta og kva som kan vere årsaka. Det er ein krevjande jobb å rydde ein slik skadestad. I tillegg avhøyrer me alle som kan ha opplysningar, naboar, pårørande og dei første mannskapa som kom til skadestaden, seier han.
Var overtent
Brannen vart varsla kring klokka 02.30 natt til torsdag. Då brannvesenet kom til staden var huset overtent, men dei fekk kontroll på brannen og melde om at brannen var sløkt klokka 04.00. Brannmannskapa har drive ettersløkking i heile natt.
Huset ligg i Nyhusmovegen i Torpo sentrum, like inntil hovudvegen gjennom Torpo. Eitt av nabohusa vart evakuert under brannen.
Det er ein familie på seks som budde i huset. Ein person vart redda ut med brannskader og ein person er framleis sakna.
Familien bli teken vare på av eit kriseteam og nær familie.
Samla på skulen
Ordførar Ivar Brevik opplyser at kommunen har samla helsesøster og personar frå psykisk helse som vil vere til stades på Torpo skule torsdag.
– Me har ein plan for å møte alle elevane. Kvar klasse har sine eigne opplegg. Der vil elevane få informasjon og få sjanse til å stille spørsmål. Det er trist det som har skjedd. Det blir difor ein uvanleg skuledag, men alle elevar skal kjenne seg ivaretekne. Det er viktig at alle blir på skulen heile dagen for å få snakka om det som diverre har skjedd, seier han.
Ordførar Ivar Brevik
Elevane på Torpo skule vart orientert om brannen då dei kom på skulen torsdag morgon.
Uråd å gå inn
Då brannvesenet kom på staden, var huset overtent. Det vil seie at det stod flammar ut av vindauga i bygningen. Mannskapa visste at det var ein person sakna, men det var uråd å gå inn i huset.
– Det vart ein stor brann fort, seier brannsjef Dag Botnen.
Oppdatert klokka 14:42
RSS
KONTAKT OSS




