Nedbrent: Huset i Nyhusmovegen var nedbrent i morgontimane torsdag. Politiet ber folk som har passert huset i natt ta kontakt, anten dei har sett teikn til brann eller ikkje. – Me treng hjelp til å fastsetje tidspunktet for brannen, seier politibetjent Halvard Haraldseth Jervell.
– Kontakt politiet om du har sett noko
Politiet treng hjelp frå publikum for å kunne fastslå tidspunktet brannen starta.
Politiet arbeider med å finne ut kva som var årsaka til bustadbrannen på Torpo.
– Ein faktor som er viktig i dette arbeidet, er å tidfeste så presist som mogleg når brannen starta, seier politibetjent Halvard Haraldseth Jervell.
Han seier politiet rutinemessig etterforskar alle brannar for å finne brannårsaka. Politiet har gjennomført tekniske undersøkingar på brannstaden. I tillegg er dei interessert i vitneobservasjonar. Som eit ledd i dette arbeidet ønskjer politiet kontakt med alle som har ferdast i Torpo-området natt til torsdag mellom midnatt og 02.30.
Haraldseth Jervell seier dei også er interessert i å høyre frå folk som passerte huset utan å leggje merke til noko spesielt.
– Me vil ha kontakt med folk som har gått forbi, anten dei har sett noko eller ikkje. Folk som har passert utan å sjå teikn til brann kan hjelpe oss å fastsetje tidspunktet brannen starta, seier han.
Folk kan kontakte politiet på telefonnummer 02800.
RSS
KONTAKT OSS
