Skøytekommentator: Ove Eriksen.

Håvard hakkekylling

 Er Håvard Bøkko utpeikt som hakkekylling i NRK?

A A A

Eller har skøytekommentator Ove Eriksen ein personleg agenda for å kritisere og uttala seg negativt om vår einaste internasjonale skøytestjerne?

Er Eriksen talsmann for skøyte-Norge som prøver å øydeleggje samarbeidet med bannlyste Peter Mueller og tvinge Bøkko tilbake til forbundslaget?

Svaret må andre gje. Men ein kan ikkje unngå å merke seg, og irritere seg over, at det har osa Bøkko-kritikk i skøytesendingane til NRK dei to siste åra. Heilt sidan Mueller fekk sparken og Håvard mista støttespelaren sin i oppkøyringa til OL. På på verst tenkelege tidspunkt. Og det var ikkje Håvard Bøkko si skuld. Han vart offeret som stod att i grøftekanten.

På 10.000 meter under VM i Moskva sundag nådde Bøkko-negativismen til Eriksen høgdepunktet. Håvard hadde nettopp vunne 1500 meteren og var med for fullt i medaljekampen bak suverene Kramer. Bøkko fekk den utakknemlege jobben å gå fyrst av favorittane og setja standarden, utan hjelp frå parkameraten eller dei som hadde gått før.

Frå fyrste runde fann Ove Eriksen svakheitsteikn hjå Håvard. Det verka som han venta og håpa at rundetidene ville fyke i til vers og medaljesjansane forsvinne. Han vart forundra kvar gong klokka viste at Håvard gjekk jamt som ei klokke. Heilt til han måtte over 32 på dei to siste og mista medaljen med nokre tidelars margin til nederlendaren Verweij som gjekk i paret etter og hadde tida til Bøkko å gå på.

Eriksen og ekspertkommentator Even Wetten fastslo at sesongen er ein fiasko for Håvard Bøkko. Samstundes lovprisa dei åttandeplassen til Sverre Lunde Pedersen. Og det var på sin plass. 19-åringen er eit supertalent som blir verdensstjerne om nokre år. Men pr. i dag er det divisjonsforskjell mellom Bøkko og Lunde Pedersen som all round-løparar. To og eit halvt tidspoeng tilsvarar 50 sekund på 10.000 meter. I samløp ville Håvard nesten henta inn Sverre med ein runde i Moskva.

Håvard Bøkko var den fyrste til å innrømme at fjerdeplassen i VM var ein nedtur når målet var medalje. Men det er ikkje skivebom når avstanden til pallen er eit par tidelar på 10.000 meter.

Me stiller spørsmålet: Kva gale har Håvard Bøkko gjort, bortsett frå å bryte med forbundslaget og bli med i CBA-teamet til Hauge/Mueller? Han har vore åleine om å sanke medaljar og bera norsk skøytesport på sin unge rygg i fem-seks år.

Til Norges Skøyteforbund og Olympiatoppen: Er det ikkje snart på tide å gravleggje stridsøksa og ta Bøkko-syskena inn i varmen sjølv om dei har ein «spedalsk» trenar? Dei er trass alt ein del av toppidretts-Norge.

Norges beste: Håvard Bøkko.

 
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse