Ha på varme og unngå frostskade
Det er meldt sprengkulde til helga. Gjensidige Hallingdal meiner det er grunn til å minne hus- og hytteeigarar om å ha på nok varme til at vassrøyr ikkje frys.
Det er spådd kuldegrader langt ned på 30-talet fleire stader i Hallingdal dei neste dagane. Då er det viktig å ha tilstrekkeleg effekt på omnane til at ein ikkje får frostsprengde vassrøyr i hus og hytte. Eldre hus og hytter bør ha ein effekt på 70–80 watt per kvm for at ein skal vere sikker på å unngå frostskade. Eventuell termostat bør vere innstilt på 8–10 grader. Dersom ein har kjøkkenbenk med oppvaskkum/røyr mot yttervegg, er det lurt å opne skåpdørene på benkeskåpet slik at varme kjem inn også der.
RSS
KONTAKT OSS





