Dramatisk: Personbilen tok fyr med ein gong etter kollisjonen.

Sporete veg på ulykkesstaden

 Djupe spor i vegbanen kan vere ei årsak til dødsulykka på Sjongsletta på Rv7.

A A A

Ulykkesberedskapsgruppa til Statens vegvesen i Buskerud var på ulykkesstaden onsdag føremiddag og målte djupna på spora.

– Eg kan ikkje seie kva me har målt, seier Jon Noreng i Ulykkesberedskapsgruppa.

Men etter det Hallingdølen erfarer er spora mellom tre og fem centimeter djupe på staden.

– Eg berre konstaterer at det er sporete vegbane på ulykkesstaden, og at det var svært glatt der då ulykka skjedde, seier politiførstebetjent Roy Riksvold ved Nes lensmannskontor.

Ein person omkom. Politiet vil førebels ikkje seie noko om kor den omkomne kjem ifrå fordi det blir jobba med identifiseringa.

Tok fyr

Det var omkring klokka 15.20 tysdag ettermiddag at ulykka skjedde.

Ein personbil kolliderte med ein finsk tankbil i den nordre enden av Sjongsletta i Nes. Tankbilen køyrde ut av vegen, mens personbilen tok fyr med ein gong.

– Sjåføren i personbilen vart drepen momentant, seier Riksvold.

Det brann så kraftig i bilen som stod midt i vegbanen at det var umogleg for bilistane som kom til å gjere noko. Bilen var heilt utbrent då brannvesenet hadde sløkt.

– Føraren av tankbilen har ikkje hatt moglegheit til å unngå kollisjonen, seier Riksvold.

Uvisst

Tankbilsjåføren er frå Litauen og køyrde for eit selskap i Finland.

Han er avhøyrt av politiet, og har forklart at personbilen kom over i motsett køyrebane i sekunda før det small.

– Kan den sporete vegbanen vere årsaka?

– Det er for tidleg å ha nokon meining om, seier Riksvold.

Ropte varsku

I haust gjekk to trailersjåførar frå Vestlandet ut i Hallingdølen. Dei frykta alvorlege ulykker på Rv7 i vinter.

Det er dei djupe spora i vegbanen enkelte stader som fekk dei til å rope varsku. Ei av strekningane dei spesielt åtvara mot var Sjongsletta nord for Nesbyen – og det var her ulykka skjedde. Berre få meter frå staden der personbilen og tankbilen kolliderte, er det sett opp skilt som varslar om djupe spor.

– Viss det viser seg at det er eit årsaksforhold som gjer at me må ta tak i dette, så vil me gjere det, seier Knut Erik Jetlund, som er leiar i trafikktryggleiksprosjektet i Hallingdal.

Jetlund uttalte til Hallingdølen i samband med kritikken frå trailersjåførane at han også frykta vinteren.

Han seier no at den sporete vegbanen på deler av Rv7 er teke opp i prosjektet etter at trailersjåførane slo alarm i haust.

Kolliderte: Bilen brann opp. Tankbilen køyrde ut av vegen og stoppa på eit jorde (i bakgrunnen).

På åstaden: Det er sporete vegbane på ulykkesstaden. Statens vegvesen målte djupna på dei onsdag føremiddag.

Målte spor: Jon Noreng frå Ulykkesberedskapsgruppa i Buskerud, til venstre, og Oddmund Brustad var på ulykkesstaden i går.

Relaterte artiklar

 
annonse

Siste videoar

 
annonse
annonse
annonse
annonse
annonse